Chatbot

Skjema for tilrettelegging og omplassering ved graviditet

Når ein arbeidstakar er gravid, skal arbeidsgivaren sørge for at arbeidstakaren ikkje blir utsett for skadeleg påverknad som kan gi risiko for forplantningsskadar.

Her finn du skjema som legen/jordmora, arbeidsgivaren og den gravide kan bruke dersom arbeidet kan føre til forplantningsskadar.

Bruk skjemaet viss arbeidet gir fare for forplantningsskadar

Skjemaet skal brukast berre dersom arbeidet inneber fare for forplantningsskadar. I alle andre tilfelle har arbeidsgivar ei generell plikt til å tilrettelegge arbeidet.

I skjemaet skal

  • legen eller jordmora dokumentere behovet for tilrettelegging
  • arbeidsgivaren dokumentere moglegheiten for å tilrettelegge arbeidet eller omplassere arbeidstakaren
  • arbeidstakaren bruke skjemaet som dokumentasjon for kravet til Nav om svangerskapspengar

Arbeidsgivar skal sørge for tilrettelegging eller omplassering

Arbeidsgivar skal sørge for at ein arbeidstakar som er gravid, ikkje blir utsett for skadeleg påverknad som kan føre til forplantningsskadar.

Dersom dei vanlege arbeidsoppgåvene kan utsette arbeidstakaren for ein slik risiko, skal arbeidsgivaren vurdere om det er mogleg å fjerne risikoen ved enten å tilrettelegge arbeidet, eller å sørge for at arbeidstakaren midlertidig får andre arbeidsoppgåver.

Dersom det ikkje er mogleg med tilrettelegging eller omplassering

Dersom tilrettelegging eller omplassering ikkje er mogleg, må den gravide arbeidstakaren midlertidig gå ut av arbeidet sitt. Merk at dette ikkje er ei oppseiings- eller permisjonsgrunn, men den gravide arbeidstakaren må midlertidig takast ut av arbeidet sitt. Arbeidstakaren har da vanlegvis krav på svangerskapspengar frå Nav (nav.no).

I skjemaet skal legen eller jordmora til den gravide vise behovet for tilrettelegging eller omplassering på grunn av fare for forplantningsskade. Arbeidsgivar skal deretter oppgi om det heilt eller delvis er mogleg med tilrettelegging eller omplassering. 

Last ned skjema for tilrettelegging og omplassering ved graviditet

Nynorsk

Last ned skjemaet – nynorsk (arbeidstilsynet.no, PDF)

Bokmål

Last ned skjemaet – bokmål (arbeidstilsynet.no, PDF)

Dersom du har problem med å laste ned skjemaa, kan du få hjelp frå dei som har programmert skjemaa: Signform info@signform.no

Utfylling av skjemaet

Skjemaet har tre delar. Den første delen skal fyllast ut av legen eller jordmora, og den andre av arbeidsgivaren. Den tredje delen kan den gravide arbeidstakaren bruke dersom det er aktuelt å søke om svangerskapspengar frå Nav.

Last ned og sjå rettleiinga bak i skjemaet for meir informasjon om korleis og kven som skal fylle ut dei tre ulike delane.

Kva er forplantningsskade?

Forplantningsskadar omfattar

  • skadar på kjønnsceller og produksjon av kjønnshormon
  • skadelege påverknader på arvestoffet
  • spontanabort
  • for tidleg fødsel
  • for låg fødselsvekt
  • dødfødsel
  • spedbarnsdød
  • fysiske og funksjonelle misdanningar hos barn
  • visse sykdommer hos barn (for eksempel visse former for kreft)

Forhold som kan føre til forplantningsskade

Desse forholda i arbeidsmiljøet kan gi eller bidra til forplantningsskadar:

  • kjemiske forhold
  • fysiske forhold
  • biologiske forhold
  • psykososiale forhold
  • organisatoriske forhold

Både definisjonen på forplantningsskadar og nokre risikoforhold som bør vurderast spesielt, er beskrivne i kommentaren til § 7-1 i forskrift om utføring av arbeid.

Vern mot diskriminering av gravide arbeidstakarar

Viss du ikkje får nødvendig tilrettelegging på arbeidsplassen når du er gravid, kan det vere diskriminering. I tillegg til den generelle tilretteleggingsplikta som følger av arbeidsmiljølova, har arbeidsgivar ei plikt til å legge til rette for gravide arbeidstakarar etter likestillings- og diskrimineringslova § 23 (lovdata.no), dersom dei har behov for tilrettelegging.

Dersom du er gravid og søker jobb, gjelder retten også undervegs i tilsettingsprosessen.

Diskrimineringsnemnda kan vurdere om noko er diskriminering eller trakassering etter likestillings- og diskrimineringslova. Diskrimineringsnemnda er eit alternativ til domstolen, og tilbodet er gratis.